Assassins Creed 2 - Før jul!
Monday, April 20, 2009 (21:00:00)

Posted by CissaM

Ubisoft har no gått ut og sagt at Assassins Creed 2 kjem ut før juleferien. Så det er bare til å skrive det på ønskelista.


Ein video av det ferdigstilte spelet Assassins Creed 2 har spreidd seg på internett i den seinare tid. Men vi har tidlegare ikkje fått noko tidspunkt. Det har no Ubisoft gjort noko med. I ei pressemelding på fredag uttalte dei seg om at spelet skulle vere ferdig innan juleferien. Noko som betyr at du kan ønske deg spelet til jul.

Handlinga går ikkje føre seg på same plass som i det fyrste, men i Italia på 1400-talet. Du speler heller ikkje same person, du er no ein person som har namnet Ezio.

Utviklarane av spelet er dei same som utvikla det fyrste, og dei har jobba med spelet i over to år. Det fyrste spelet selde over åtte millionar kopiar, og var definitivt eit bra spel. Så spørs det då, om oppfølgjaren vil gjere nettopp det, - følgje opp.

Content received from: Win-XP.no, http://win-xp.no